Næringslivets Hovedorganisasjon - Wikipedia
Innhald
flytt til sidefeltet gøym- Byrjinga
- Artikkel
- Diskusjon
- Les
- Endre
- Endre wikiteksten
- Sjå historikken
- Les
- Endre
- Endre wikiteksten
- Sjå historikken
- Lenkjer hit
- Relaterte endringar
- Last opp fil
- Fast lenkje
- Sideinformasjon
- Spesialsider
- Siter denne sida
- Hent kort URL
- Last ned QR-kode
- Byt til den gamle parseren
- Opprett ei bok
- Last ned som PDF
- Utskriftsversjon
| Næringslivets Hovedorganisasjon | |
| | |
| Type | forening/lag/innretning |
|---|---|
| Org.nummer | 955600436 |
| Skipa | 28. november 1988 |
| Hovudkontor | Oslo |
| Leiar | Svein Tore Holsether |
| Nettstad | https://nho.no |
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er ein landsomfattande interesseorganisasjon som arbeider for å styrke konkurranseevna til norsk næringsliv. Medlemmene er næringslivsføretak med verksemd i Noreg.
Historie
[endre | endre wikiteksten]NHO vart stifta 1. januar 1989, då dei tre organisasjonane Norges Arbeidsgiverforening (N.A.F.), Norges Industriforbund (NI) og Norges Håndverkerforbund (NH) vedtok å slå seg saman. Før etableringa av NHO hadde N.A.F hovudansvaret for arbeidsgjevarfunksjonane, medan NI og NH arbeidde med næringspolitiske spørsmål. Den nye organisasjonen var frå starten av landsomfattande.
Dagens situasjon
[endre | endre wikiteksten]NHO er den største interesseorganisasjonen for norske verksemder. Det er hovudsakleg verksemder i den private sektoren som kan bli medlem i NHO. Statelege og kommunale føretak kan berre bli medlemmer om dei arbeider under vanlege konkurransemessige vilkår. Medlemskontingenten utgjer 1,25 promille av lønsutbetalingane den einskilde verksemda har per år, med eit minstebeløp på 500 kr. Organisasjonen har i dag ca. 20 000 medlemmer, og dei fleste finst blant små og mellomstore føretak. Medlemsbedriftene har totalt ca. 508 000 arbeidsplassar, og samla bidreg NHOs medlemsbransjer med ca. 40% av den økonomiske verdiskapinga. Lokalt er arbeidet organsiert med 15 regionforeiningar.
NHO sitt arbeid
[endre | endre wikiteksten]NHO tek opp næringspolitiske saker som medlemsbedriftene er opptekne av. NHO gjennomfører tarifforhandlingar med arbeidstakerorganisasjonane (til dømes Landsorganisasjonen) på vegner av medlemsbedriftene. NHO gjev medlemsbedriftene advokathjelp ved tvistar om arbeidsrettslige spørsmål.
Landsforeiningar i NHO
[endre | endre wikiteksten]Det er 21 landsforeiningar i NHO, og desse dekkjer ulike bransjar.
- Abelia
- Bensinforhandlernes Bransjeforening (BBF)
- Byggenæringens Landsforening (BNL)
- Energi Norge
- Fiskeri- og Havbruksnæringens Landsforening (FHL)
- Logistikk- og transportindustriens Landsforening (LTL)
- Mediebedriftenes Landsforening (MBL)
- NHO Håndverk
- NHO Idrett
- NHO Grafisk
- NHO Luftfart
- NHO Mat og Bio
- NHO Mat og drikke
- NHO Reiseliv
- NHO Service
- NHO Transport
- Norges Bilbransjeforbund (NBF)
- Norsk Industri
- Norsk Teknologi
- Oljeindustriens Landsforening (OLF)
- Rederienes Landsforening (RLF)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Næringslivets Hovedorganisasjon» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad

| Autoritetsdata |
|
|---|
- Norske organisasjonar
- Norsk arbeidsliv
- Norsk næringsliv
- Skipingar i 1989
- Artiklar med autoritetsdata
Từ khóa » Nho/rlf
-
NHO Tariffavtaler
-
Lønn Og Tariff - NHO
-
Tariffavtaler NHO Sjøfart
-
NHO Sjøfart
-
Nho Sjøfart - Norway Exports
-
Apprenticeships At Sea - Hurtigruten
-
Maritime Vacancies - Careers - Hurtigruten
-
[PDF] Hyresatser Gjeldende 1 - Norsk Sjøoffisersforbund
-
RLF AgTech Ltd (RLF) Bảng Cân Đối Kế Toán
-
RLF định Nghĩa: Sâu ánh Sáng Phù Hợp - Recessed Light Fitting
-
RLF định Nghĩa: Tài Nguyên Giới Hạn Cơ Sở - Resource Limit Facility
-
Natures Edge Apartments. Come Home To Glen Lake Apartments In ...